Lever livet i Thailand

No er det lenge sida sist eg har skreve..men vi har hatt mykje å gjere på og dessutan var vi ikkje på nett på ei stund. Her er ei lita oppsummering frå dei siste dagane:

17.okt: 7-årsjubileum!! Planen for dagen var å leige moped, men når vi kom inn i sentrum møtte vi ein Thai som dreiv med båtskyss på øya. So vi enda opp med båt-snorkle-tur rundt øya, med stopp på 5 ulike supre snorkleplassa. Vi såg masssse fisk som vi svømde med medan vi mata dei. Og nydelege korallrev! Fantastisk flott!! Jubileumsmiddag på kvelden. Knallgod start på 7-årskrisa!! Hehe:)

18.okt: Nok ein flott dag. Koh Tao er ei super dykkerøy med fullt av dykkerklubba. Vi leita opp ein som virka bra og heiv oss med på dykkertur. Vi dykka 2 dykk frå båt. Vi såg mykje flott. Her er så mykje meir fargar under havoverflata enn kva det er heime. Fiskane er limegrønne, turkise, gule, ja, til og med innslag av lilla!! +++

19.okt: Ein lang transportdag. Vi forflytta oss heilt frå Koh Tao til Krabi by. Vi starta med båt til Koh Samui, så taxi til neste ferjepier. Deretter ferje til Don Sak på fastlandet, før ein buss tok oss til Surat Thani. Her var det buss-skifte. Og etter ein 2,5-timers busstur var vi på Krabi. På busstasjonen fekk vi hjelp til å finne tak over haudet, og vart henta i taxi til gjestehuset. Ei koseleg dame dreiv det,og ho var ivrig med å selge sightseeingtur til oss. Vi heiv oss på og bestillte tur til dagen etter.

20.okt: Oyhopping og kajakkpadling Vi vart henta opp av taxi på hotellet som tok oss til stranda der ein båt venta+fleire folk som skulle vere med. Båten tok oss innom 3 ulike ubebudde øy-paradis. Innimellom fekk vi bade og snorkle. Lunsj og kajakktur var også inkludert. Vi padla i 2-mannskajakk rundt øya Koh Hong. Kjekt!!
På kvelden ordna vi buss og hotell til neste destinasjon: Koh Lanta!

21.okt: Koh Lanta! Nok eit paradis. Vi fann oss godt til rette i ein ny bungalow. Nydeleg lååång strand like nedanfor. Og badebasseng. Her er lavsesong, så vi deler ikkje herlighetene med månge! Nesten ikkje turistar her. Dessuten er det billigare å bu også;-)  Siden vi hadde hatt mykje på programmet dei siste dagane, var planen aa faa slappe av her! Slikke sol og bade med andre ord:) Vi starta det med å ta spa! Kjetil fekk massasje og eg fekk kroppsmaske og manikyr. Mmmm!

22.okt: Vi leigde oss moped med resortet vi bur paa. Det skulle visstnukk vere ein suveren maate aa faa sett oya Koh Lanta paa. Og det var meget rett! Det er ikkje mykje trafikk paa vegane, saa risikofaktoren med tanke paa det er ikkje hog iallefall. Verre er det at dei koyrer paa feil side paa vegen her! Dessuten er vegstandarden noko variabel…altfraa god asfalt til betong og humpete gjormevegar…Men det gjekk fint! Oya er ganske flat, so skulle ikkje tru at vi skulle faa problem med motabakkar…det har jo vist seg at kjetil+moped+motabakkar = gaar ikkje….. Men ved fleire tilfelle maatte eg gaa av mopeden og springe opp bakkane..! Hakk i hel Kjetil som med ekstra spenntak fekk den heite mopeden oppaa toppen. Sikkert eit ganske komisk syn!:) Vi fekk ein kanonfin dag daa vi fekk sett kjempemasse flott. Med anna saag vi nysgjerrige apekatta og vi mata elefantar (vi droppa aa ri paa dei sidan vi heller ville koyre aa sjaa meir). Ogsaa var vi inni Nasjonalparken. Der var det nydeleg!! Vi bada og kosa oss. Kanondag!

23.okt:(idag) Sidan planen her var aa slappe av, saa tenkte vi at vi skulle gjennomfore det! Saa idag har vi logge strake i sola. Bada i bassenget og i havet. Herleg!! No har vi koyrt inni Ban Saladan (sentrum paa oya) for aa finne nett og brene litt bilder++ Imorgon set vi nasa mot Malaysia! Vi har det kjempebra. Hels til kjende og kjaere.

Valborg:)

P.S. Spesiell helsing til Andreas M.: Grattis med dagen:)