Oppsummering: Singapore + Australia + Fiji

Det vart dårleg med oppdatering her på slutten av turen vår.. Det kjem ikkje av at vi ikkje hadde det bra, tvert imot!! Vi hadde rett og slett så mykje å sjå og gjere at det vart nedprioritert.. No er vi komne heimatt til Gloppen. Men eg her kjem ei lita oppsummering av dei siste vekene av den fantastiske turen vår:

Singapore:

Australia:

Ã… sjå Australia på 2 veker er

Fiji:

Oppsummering: Singapore + Australia + Fiji

Det vart stilt på bloggen vår dei siste vekene.. Vi hadde rett og slett så mykje anna å gjerepå at det vart ein nedprioritert sak å sitte framfor ein pc-skjerm..! No er vi komne tilbake til Norge…og kulda…. Men eg blir nesten varm innvendig når eg tenkjer tilbake på dei 2 månedane vi var vekke. Det er umogeleg å finne ord som kan beskrive reisa vår, men vi kjem langt med ”fantastisk”, ”opplevelsesrik”, ”lærerik”, ”ekstremt vellykka” og ”minner for livet”. Det høyrest nesten for godt ut til å vere sant, men alt gjekk så bra og var så bra at det er ikkje å overdrive!

Her kjem ei lita oppsummering frå dei siste vekene av turen vår som eg ikkje har skreve om her på bloggen:

Singapore: Singapore er både eit (lite) land og navnet på ein by i landet. På dei 2 dagane vi var her fekk vi både sett oss litt rundt i byen og besøkt nokre attraksjonar utanfor byen. Nokre høgdepunkt i byen var ”Singapore Flyer”, eit 165m høgt pariserhjul som ga oss utsikt over heile byen, ”River-side”, eit område rundt med barar og restaurantar, liv og røre. Vi reiste også ut på øya ”Sertosa”, som lignar på ein diger fornøyelsespark med masse aktivitetar.. M.a. kjaure vi ”ola-bil” her!! I høljande regn…ei oppleving det også.. Ein av dagane reiste vi utanfor byen til Singapore Science Center. Eit DIGERT naturvitenskapssenter. Der fekk ein sjå og teste ut alle mogelege slags naturvitenskaplege eksperiment som er blitt viser ulike slags fenomen. Alt frå Newtons lover og matematiske prinsipp til DNA si oppbyggning og masse masse anna. Mest for born kanskje, men vi er då ikkje vaksne, er vi??? Vi rakk ikkje sjå på halvparten av det som var der ein gong. Men det KULASTE av alt var at Gunther von Hagen si utstilling: Bodyworks – A circle of life var å sjå der! Det er ei utstilling av ALLE kroppens delar. Alt frå organ og skjellett til heile kroppar der alle musklar, sener og nervar syner. Og alle delane er frå ekte mennesker. Høyrest sjukt ut (og det er mange som synest det er det og. Utstillinga har vore rundt i heile verda og har blitt omdiskutert i media) men eit mekka for ein medisinstudent!! Ein av kveldane var vi på ”Night Safari” i ein dyrepark. Det var spennande! Vi fekk sjå leopardar, tiger, løve, flodhest, elefant+++ (sku tru vi var havna i Afrika….!)

Australia: Vi prøvde oss på ei umogeleg oppgåve: nemleg å sjå Australia på 2 veker! Australia er enormt. Men dette visste vi på førehand, så vi hadde plukka oss ut nokre stadar vi ville få med oss.

Cairns: Er ein by som ligg på nord-aust-kysten i Australia. Vi tok fly direkte opp her rett etter å han landa i Sydney med flyet frå Singapore (den 9.nov.). Mange reiser til Cairns for å dykke på ”The Great Barrier Reef”, som er verdas største korallrev. Dette var også vårt hovedmål med destinasjonen. Vi tilbrakte 3 dagar her. Dag1: planleggingsdag. Dag2: Togtur med Kuranda Railways, som er ei gammal jernbanestrekning bygd for å lettaregjere gulltransporten frå innlandet til kysten. Det høyrer historia til, så no er jernbana kun ein turistattraksjon som tek ein gjennom flott natur, og endar i den koselege, vesle landsbyen Kuranda. Her er det mange koselege, små butikkar og restaurantar. Her er også ein liten dyrepark der vi fekk klappe og HOLDE koalabjørnar og klappe og mate kenguruar! Arti! Ned igjen til lavlandet tok vi Skyrail, ei LÃ…NG og HØG gondolbane som gjekk over regnskog. Dag3: Dykking på ”The Great Barrier Reef”. Vi tok båt ca 2 timar ut til revet, der vi dykke 3 dykk. Dette var flott, men ikkje imponerande i forhold til dei andre dykka vi har hatt på turen. Dei har vore flottare! Men vi fekk sett mykje korallar og ein god del fisk.

Sydney:Frå Cairns tok vi fly tilbake til Sydney. Dette er verkeleg ein flott by!! Vi brukte ein heil dag berre på å vandre og sjå oss rundt på dei 2 havnene Darling Harbour og Circular Quay. Der var kjempefint. Masse båtar og liv. Vi tok ferje mellom havnene, og då såg vi både Sydney Harbour Bridge og The Opera House frå vatnet. Vi var i Operaen både på sightseeing og på konsert. Eit imponerande byggverk!! Konserten var med Sydney sitt symfoniorkester. Ei oppleving, sjølv om det ikkje er musikk som fengar oss….. Vi spaserte også over Harbour Bridge (i 12-tida..på natta…!!)

Melbourne:Det er ganske långt frå Sydney til Melbourne. Vi valde å prøve tog, som skulle ta 11,5 timar. Men pga forsinkingar enda turen på nesten 15 timar!! Då var vi leie av tog…så allereie då avgjorde vi å ta fly tilbake til Sydney – uansett pris!! Melbourne har i lita bykjerne som det er lett å forflytte seg i til fots eller med gratis trikk og gratis buss! Genialt.. Vi var med på 3 ulike organiserte turar her.

1:Kveldstur til Phillip Island, der vi såg på verdas minste pingvinar! Vi satt på stranda på kvelden og såg dei kome flokkvis inn til land etter å ha vore på ”fisketur” på dagen. Dette er eit naturleg fenomen som ”aussiane” har funne ut at turistane gjerne vil betale for å sjå på… Men det var litt av ei oppleving! Vi kom HEILT nær innpå pingvinane då dei var komne opp i graset overfor stranda.

2:Vinsmakingstur til 4 ulike ”vineri” i Yarra Valley. Dette hadde eg gleda meg til lenge, og det var kjempekjekt! Vi lærte oss å smake på vin og fekk også smake på månge ulike typar.

3:Køyretur langs The Great Ocean Road – ei vegstrekning som går heilt ute ved kysten langs strender og flott klippelandskap. Ein lang dag, frå kl.8-22… MEN det var verkeleg ein flott tur! Vi fauk også helikopter på ein av dei månge stoppa vi hadde på vegen. Då fekk vi sett den fantastiske kysten frå lufta. Stilig!!!

Ellers vandra vi rundt i byen, tok sightseeingbuss, og shoppa littJ m.a. på eit stort marked (Queen Victoria Market)

Fiji: Vi hadde gjort èin feil med turopplegget vårt. Det konkluderte vi med når vi oppdaga Fiji. Vi skulle nemleg berre vere ei veke her!! Fiji kan ikkje beskrivast, det må opplevast!!! Ein drøymer gjerne om å reise til eit sydhavsparadis og ser føre seg lange, krittkvite strender, krystallklårt og turkis vatn, palmar, bambushytter, hengekøye på stranda, FÃ… turistar, INGEN butikkar og ingen nettdekning til mobilen!.. Eg trudde knapt at slike stadar eksisterte. Men det var før eg reiste til Fiji! Her finn du alt det! Har du sett filmen ”Den blå lagunen”?? Akkurat der var eg og Kjetil ein av dagane;) Vi landa med fly i byen Nadi, som ligg på ein av Fijis 2 store ”hovedøyer”. Men morningen etter tok vi ein stor båt ut til dei små øyene som ligg som perler på ei snor utanfor Nadi. Øygruppa vi reiste til heiter ”Yasawa Islands”. Ein kan overnatte på månge av øyene, og dei som driv overnattingsplassen henta oss med små påhengsbåtar frå den store båten. Vi tilbrakte 2 netter på Nacula Island og 3 netter på Waya Island. Her naut vi livet. Slappa av i skuggen eller sola, gjerne i ei av hengekøyene;) Bada og snorkla. Matopplevelsane var ikkje av dei store her, då det vart servert kun 3 måltid om dagen og det verken fanst ein restaurant eller eit lite supermarked rundt hjørnet. Men vi brukte jo så lite energi her at det ikkje var noko problem… Vi var med på nokre aktivitetar. M.a. mating av hai medan vi snorkla rundt dei! (ja, HAI.. men av den typen som ikkje har så god appetitt når det kjem til mennesker, så dei smakte ikkje på oss..;) Haiane var ca. 1 meter långe og dei symde rundt oss og vi fekk ta på dei! Det var kult! Vi var også og såg nokre flotte grotter der vi måtte syme under vatn for å kome inn i dei. Heile grotta var under vatn, så vi måtte syme heile tida. Og det var kolmørkt.. Heldigvis hadde guiden undervannslykt med seg.. Tøft var det! Vi saug til oss inntrykk av alle sansar så godt vi kunne. Fiji kjem vi aldri til å gløyme. Og om det er èin stad eg gjerne vil reise tilbake til, av alllle dei plassane vi har vore på desse 2 månedane, så er det Fiji!! Berre så synd at det er så himmla långt å reise….

Snart i Singapore!

No sit vi aa ventar paa bussen som skal ta oss fraa Mersing til Singapore. (Eit par timar internett var det einaste vi hadde raad til etter aa ha brukt opp mest mogeleg av dei malaysiske pengane vaare:)

Tioman var flott det, men vi var nok litt uheldige med veret. Med unntak av fyste dagen vi kom ut, daa det var sopass med sol at vi kunne sole oss, saa har det regna….eller..HOLJA nesten konstant.. Det lyna og tordna saa det rista i bungalowen vi budde i..  Vi var igrunn forbredt paa regn, for monsun-sesongen har nettopp starta her… MEN det hindra oss ikkje i aa kose oss altso! Vi maatte berre le daa vi gjekk ein tur paa stranda og sjekka ut omgivelsane ein morgon etter frukost, og plutseleg var det som heile himmelen datt i hovudet paa oss… Igrunn litt forfriskande!! Paa turen motte vi eit koseleg nederlandsk par som hadde leigd ein baat for dagen som skulle ta dei med paa snorkle+fisketur. Dei inviterte oss med, og sjolvsagt hengde vi oss paa! Det vart lite med fisking, men snorlinga og sjolve baat-turen var kjempearti! (Diiigre bolger!!) So turen til Tioman var definitivt ikkje bortkasta, men trur det var like greit at vi ikkje hadde fleire dager der…

No er det Singapore next!! (maa avrunde…har ikkje raad til meir internett:P

Valborg:)

Malaysia2: Malacca+Mersing

Vi var 3 netter i Malacca.. Her har vi relaxa litt meir. Vi var ikkje med paa naaken guida turar, men leita fram sjolve ved aa sjaa paa bykartet og aa sporje oss litt rundt. Vi styrte dermed dagane meir sjolve, og sov litt lenger paa morningane.. Vi unna oss litt luksus her…budde paa eit ganske so fint hotell (det fyste var ikkje bra nok, so etter ei natt der flytta vi til nabohotellet:) Malacca er ein historisk by med maange gamle byggninga… Vi kjeik ikkje saa grundig paa dei igrunn…dvs, vi SAAG dei, men vi fann ikkje ut kva som var saa spesielt med dei…hehe…men dei gjev byen eit koseleg preg!

Vi hadde ein dag med spa her! Kjetil var ikkje heilt fornogd, for dei muslimske massosene ville ikkje ta paa anna enn ansiktet og beina hass, so det var berre eg som fekk kroppsmassasje! Men dei gjorde ein grundig jobb med dei kroppsdelane dei ville ta i, so han var no bra fornogde til slutt!

Idag (onsdag) hadde vi ikkje ein veldig fast plan for kvar vi ville reise vidare…vi hadde sett oss ut ei oy utanfor kysten til byen, men naar vi sjekka ut av hotellet fekk vi vite at det ikkje gjekk baatar ut til oya lenger….saa turen vidare vart ganske paa impuls…vi satt utanfor hotellet med kartet, fekk litt tips av ein som jobba der, og reiste avgaarde! Taxi til busstasjonen, saa buss til Johor Baru. (Vi ante ikkje ein gong om det gjekk buss…) vidare bytta vi buss i Johor Baru som tok oss til byen Mersing. Den ligg paa austkysten av Malaysia. Altsaa har vi idag reist tvers over landet! Planen vidare var aa ta siste baaten ut til oya Tioman Island (den vi igrunn hadde slaatt ifraa oss aa reise til…) Men pga lavsesong, so gjekk ikkje baaten! Den neste gaar imorgon tidleg kl.07.30, saa i 9-tida imorgon er vi paa oya!! Ei kjekke reisebyraa-dame hjalp oss med hotell for natta, og baade baat og hotell ut og paa oya. So alt har gaatt heilt strykande igrunn! Sjolv om vi ikkje kom oss heilt fram idag…

Vi gledar oss masssse til imorgon.. Denne oya skal visstnok vere ei meget flott ei…!!

Vi har det stadig meget supert!

V+K

Malaysia

Dagane går så fort! No har vi vore i Malaysia i ei veke! Etter ein lång og grusom transportdag forrige laurdag kom vi til øya Penang. Den ligg like utanfor vestkysten, heilt nord i landet. For å kommentere «grusom» litt, så var det 2 faktorar innvolvert her:

1. Tid. Det tok 13 timar. Og det føregjekk i minibuss… Sjølv om turen var delt inn i 3 etappar (Koh Lanta-Trang, Trang-Had Yai, Had Yai-Penang) slik at vi hadde stopp innimellom, så var det lenge! Igrunn skulle vi ta tog den siste etappen, men av ein eller annan grunn gjekk ikkje toget. (dei sa berre «no train, accident!» Gudane må vete kva dei meinte med det, thaiane er meeeget dårleg i engelsk…)

2. Sjåførane. Dei kjaurde som idiotar…Ein ting har vi fått erfare, nemleg at thaiar ikkje kan å køyre bil. Iallefall ikkje på ein forsvarleg måte!! Høg fart og stygge forbikøyringar er hovedstikkord her. Det var ikkje noko stas… Men vi kom oss fram….kjappare enn reiseruta deira tilsa… Vi lovde kvarandre at det var siste gongen vi sette oss inn i ein minibuss i Asia…

Malaysia er heilt annleis enn eg hadde forestillt meg. Eg trudde landet var likt Thailand, men skilnaden er ganske stor! Alt av standard er mykje beire her. Byggningar, vegar, bilar osv er ganske lik vestleg. Iallefall på Penang. Vi budde på hotellet Bayview i Georgetown. Ein stor, moderne by med månge skyskraparar. Her hadde vi 2 flotte dagar med supre opplevelsar!

Søndag var vi på rundtur på øya med eigen privatsjåfør! Han tok oss innom dei mest kjende og sjåverdige plassane på øya. Ein meget kjekk kar (og god sjåfør!) som snakka godt engelsk, så vi fekk mykje tilleggsinfo av han mtp folket, historie, religion, styresett m.m. Kjempekjekk dag!

Måndag vart endå beire. Då tok vi båt 2,5 timar ut til plattforma Langkawi Coral, som ligg utanfor øya Pulau Payar. Øya ligg nord om Penang. Plattforma, med tak over, huste både kjøkken, masse bord og sitteplassar, toalett, undersjøisk vindu og ei avdeling med alt dykkerutstyret. Under skjulte det seg eit akvarie med nydelege korallar og millionar av fisk!! Det vrimla av dei overalt! Og dei var ikkje redde når vi steig ut i vatnet, men nysgjerrige. Så dei symde rundt oss. Det var perfekt å snorkle der, dei fleste gjorde det. Vi var kun 7 stk som dykka. Det var ein eventyrleg opplevelse. Då kom vi endå nærmare innpå dei nysgjerrige, fargerike skapningane. M.a. såg vi nemofiska i massevis! Topp dykkerutsyr og ein flink guide gjorde det heile også trygt. Vi dykka 2 dykk med lunsj innimellom. Den bestod av ein buffe med masse ulike gode retta. Ein perfekt dag, rett og slett!

Tysdag sette vi kursen mot Cameron Highlands. Pakta vi hadde inngaatt angaaande transportmetode maatte vi foresten bryte, for det gjekk kun minibuss opp hit…men beroliga av at det no var ein malay som satt bak rattet, saa gjekk vi med paa det… Det gjekk fint heilt til sjaaforen starta paa dei SVINGETE bakkane opp til hoglandet. Han gjorde sitt beste for aa holde samma speed som paa motorvegen, men det var domt til aa misslukkast… Kva det enda med? En meget bilsjuk Kjetil….(eg, derimot, skreiv lesarbrev! hihi..) Han slapp aa spy, men restaureringa etterpaa gjekk litt tid:-P … Cameron Highlands ligg inne i landet, 1600 meter over havet!! Men slik som det ser ut der kunne det like gjerne ligge paa hogde med ovre Mardal… Gront og frodigt med hoge fjell omkring. Det hogste var 6666 FEET…so kan du sjolv faa rekne ut kor hogt det er… (del paa 3 sirkus, so har du det i meter..) Den einaste skilnaden vi merka fraa lavlandet var temperaturen! Det fyste Kjetil sa daa vi gjekk ut av bussen: «Eg fryse!» Og temperaturen laag rundt 20 pluss…hehe…vi er blitt godt vande med varmen her etterkvart! Vi var 2 netter i Cameron Highlands. Vi budde paa eit kjempekoseleg hotell: Bala’s Holiday Chalet. Gammal kolonistil paa byggningane og nydeleg hage. Planen var igrunn aa vere lenger, men etter aa ha sett dei ENORME teplantasjane deira (dei var digre!!!) honningbie-farmane og jordbaer-farmane deira (Valborg i heaven;)  so var det liksom ikkje so mykje meir aa gjerepaa der. Dessuten regna det ganske heftig…so jungelturen vi hadde tenkt aa gaa droppa vi.

Torsdag ankom vi Kuala Lumpur, hovedstaden i Malaysia. Transport: VIP-buss. Trur det er beste transportmetoden vi har vore bort i. Det var berre 3 seter i rada (2+1) so dei var kjempebreie, med god plass till beina. OG seta hadde uttrekkbar fotskammel!! Reine stresslessen. Anbefalast!! Vi hadde ikkje booka hotell, so etter litt fomling fram og tilbake med baade undergrunn og taxi…saa ein taxi til…so vart vi einige om eit passande.. Paa kvelden var vi i Petronas Tower(samme bygg som nederste bilde), dei digre taarna med skybridge imellom. Her er det baade kjopesenter og restauranta.

Fredag fann vi fram til ein butikk/skranke som sende pakkar med DHL.. so ilopet av nokre dagar haapar vi det skal dukke opp ein pakke heime! Det skal vere sikkrare aa sende med dei enn med posten.. Det tok si tid, men vi fekk stifta nye bekjentskap med ein hyggeleg DHL-dude.. Seinare paa dagen var vi oppi det 421 meter hoge taarnet Menara. DEN utsikta!!

Laurdag (Idag) stod vi tidleg opp for aa faa billett til skybridgen paa Petronas Tower. Dette er nemleg ein populaer turistattraksjon, og det vert gjett ut X antall billettar kvar dag… Ikkje like bra utsikt som taarnet igaar, men flott opplevelse. Taarna i seg sjolv er vert eit syn! Seinare fann vi fram til Central Market, eit digert marked her i byn.. 

Planen var aa reise til Tioman Island imorgon, men vi set heller kursen mot byen Malacca, som er ein 2 timers busstur sor om Kuala Lumpur. Billettar og hotell fiksar vi imorgon….;-P       Hels hels!!!

Helsing dei stadig meir verds-vande V og K!

Lever livet i Thailand

No er det lenge sida sist eg har skreve..men vi har hatt mykje å gjere på og dessutan var vi ikkje på nett på ei stund. Her er ei lita oppsummering frå dei siste dagane:

17.okt: 7-årsjubileum!! Planen for dagen var å leige moped, men når vi kom inn i sentrum møtte vi ein Thai som dreiv med båtskyss på øya. So vi enda opp med båt-snorkle-tur rundt øya, med stopp på 5 ulike supre snorkleplassa. Vi såg masssse fisk som vi svømde med medan vi mata dei. Og nydelege korallrev! Fantastisk flott!! Jubileumsmiddag på kvelden. Knallgod start på 7-årskrisa!! Hehe:)

18.okt: Nok ein flott dag. Koh Tao er ei super dykkerøy med fullt av dykkerklubba. Vi leita opp ein som virka bra og heiv oss med på dykkertur. Vi dykka 2 dykk frå båt. Vi såg mykje flott. Her er så mykje meir fargar under havoverflata enn kva det er heime. Fiskane er limegrønne, turkise, gule, ja, til og med innslag av lilla!! +++

19.okt: Ein lang transportdag. Vi forflytta oss heilt frå Koh Tao til Krabi by. Vi starta med båt til Koh Samui, så taxi til neste ferjepier. Deretter ferje til Don Sak på fastlandet, før ein buss tok oss til Surat Thani. Her var det buss-skifte. Og etter ein 2,5-timers busstur var vi på Krabi. På busstasjonen fekk vi hjelp til å finne tak over haudet, og vart henta i taxi til gjestehuset. Ei koseleg dame dreiv det,og ho var ivrig med å selge sightseeingtur til oss. Vi heiv oss på og bestillte tur til dagen etter.

20.okt: Oyhopping og kajakkpadling Vi vart henta opp av taxi på hotellet som tok oss til stranda der ein båt venta+fleire folk som skulle vere med. Båten tok oss innom 3 ulike ubebudde øy-paradis. Innimellom fekk vi bade og snorkle. Lunsj og kajakktur var også inkludert. Vi padla i 2-mannskajakk rundt øya Koh Hong. Kjekt!!
På kvelden ordna vi buss og hotell til neste destinasjon: Koh Lanta!

21.okt: Koh Lanta! Nok eit paradis. Vi fann oss godt til rette i ein ny bungalow. Nydeleg lååång strand like nedanfor. Og badebasseng. Her er lavsesong, så vi deler ikkje herlighetene med månge! Nesten ikkje turistar her. Dessuten er det billigare å bu også;-)  Siden vi hadde hatt mykje på programmet dei siste dagane, var planen aa faa slappe av her! Slikke sol og bade med andre ord:) Vi starta det med å ta spa! Kjetil fekk massasje og eg fekk kroppsmaske og manikyr. Mmmm!

22.okt: Vi leigde oss moped med resortet vi bur paa. Det skulle visstnukk vere ein suveren maate aa faa sett oya Koh Lanta paa. Og det var meget rett! Det er ikkje mykje trafikk paa vegane, saa risikofaktoren med tanke paa det er ikkje hog iallefall. Verre er det at dei koyrer paa feil side paa vegen her! Dessuten er vegstandarden noko variabel…altfraa god asfalt til betong og humpete gjormevegar…Men det gjekk fint! Oya er ganske flat, so skulle ikkje tru at vi skulle faa problem med motabakkar…det har jo vist seg at kjetil+moped+motabakkar = gaar ikkje….. Men ved fleire tilfelle maatte eg gaa av mopeden og springe opp bakkane..! Hakk i hel Kjetil som med ekstra spenntak fekk den heite mopeden oppaa toppen. Sikkert eit ganske komisk syn!:) Vi fekk ein kanonfin dag daa vi fekk sett kjempemasse flott. Med anna saag vi nysgjerrige apekatta og vi mata elefantar (vi droppa aa ri paa dei sidan vi heller ville koyre aa sjaa meir). Ogsaa var vi inni Nasjonalparken. Der var det nydeleg!! Vi bada og kosa oss. Kanondag!

23.okt:(idag) Sidan planen her var aa slappe av, saa tenkte vi at vi skulle gjennomfore det! Saa idag har vi logge strake i sola. Bada i bassenget og i havet. Herleg!! No har vi koyrt inni Ban Saladan (sentrum paa oya) for aa finne nett og brene litt bilder++ Imorgon set vi nasa mot Malaysia! Vi har det kjempebra. Hels til kjende og kjaere.

Valborg:)

P.S. Spesiell helsing til Andreas M.: Grattis med dagen:)

Koh Tao = Paradis!!

Idag tidleg gjekk ferda til Koh Tao. Ein 2,5 timers baattur austover for kysten til Thailand. Igaar booka vi oss hotell, og dei henta oss paa pieren. Vi la litt ekstra peng i overnattinga sia vi har 7-aarsjubileum imaara (likevell er det ikkje dyrt i forhold til heime!!) Men gjett om det var valutta for pengane!! Vi har vaar eigen liten bungalow (les: strandhytte) so ligg heilt nede ved stranda. Gaar vi ned trappa er vi paa stranda… Den har ei lita stove, eit soverom, bad, og ikkje minst, so har en balkong. Med havutsikt og seng! So vi kan ligge paa senga ute og nyte havutsikta. Er vi komt til paradis eller?? Hehe..vi kosar oss max.. Vatnet er heilt klart, og under vatnet skjuler det seg eit akvarium. Idag har vi snorkla utanfor bungalowen vaar. Masse akvariefiska og korallrev overalt! Og dette er visst berre begynnelsen paa kva som ventar oss naar vi kjem paa dei verkelege flotte dykkerplassane. Vi har jo dykkerlappen, so planen er aa dykke ein av dagane vi er her. Koh Tao er ei skikkeleg dykkeroy med maange dykkersenter. Vi har booka 3 netter her, saa muleg vi dykkar dagen etter imaara. (sondag….trur eg?? mista litt peilinga paa dagane her…:) Imaara vurderar vi aa leige moped og koyre rut aa sjaa oss om paa oya. Den er ikkje stor, saa det er ikkje lange veien.

Vi nyter med andre ord livet her! Hels kjende og kjaere:)

Valborg=)

Komt oss til Chumphon i Thailand!

D-dagen i Vietnam enda nesten litt dramatisk…jaffal fraa mitt synspunkt… naar vi kom til passkontrollen vart nemleg Kjetil stoppa…stempelet hans fraa grensa inn til Vietnam var saa daarleg at millitaermannen i skranken vart sur og tok Kjetil med inn til avhor…Eg stod fortvila paa andre sida av «grensa»…den skranken EG gjekk i ga pokker i korless stempelet saag ut… sikkert gla for aa bli kvitt meg:P  Kjetil derimot skukje sleppe unna so lett…. Men etter nokre nervepirrande laange minutt kom han utatt og fekk sleppe igjennom….han hadde heldigvis alle reisedokumenta vaare og kunne bevise kva vi holdt paa med i landet deira… Vidare gjekk det heldigvis glatt..Flyturen til Bangkok gjekk fint.Flyet datt ikkje ned og Kjetil slapp aa utforske toalett-fasilitetene! Vi hadde med andre ord kvar vaare bekymringar…. Vi ankom Bangkok ganske seint, men sidan vi hadde vore paa flyplassen foor, kom vi oss kjapt inn til byen. Dagen etter hadde vi fullt opplegg. Vi henta dressen og kaapa vi paa eit litt finurleg vis fekk oss sydd i Bangkok. Kleda satt jaffal som eit skudd. Deretter sette vi ruta mot The Grand Palace etter aa ha tatt baatskyss ned dit. Neste stopp var togstasjonen. Her klarte vi aa bruke opp alle pengane vi hadde med oss paa billettar til tog+overnatting i Chumphon+baat til Koh Tao, saa vi maatte ta taxi tilbake til hotellet for aa hente meir pengar… Planen vidare var nemleg MBK. Eit DIGERT kjopesenter i Bangkok.. DETTE hadde Valborg sett fram til HEILE dagen… Spesielt daa svolten, heten, beina og kjedsomheten holdt paa aa ta knekken paa ho daa Kjetil berre maatte sjaa og vandre liiiiitt meir i dessa dumme tempelbyggningane…(for aa sei det slek, so har eg blitt meget metta for tempelbygg paa denne reisa!) Naar vi endeleg ankom MBK, hadde faatt i oss mat og drikkke og eg var fullt klar for aa innta butikkane med storm, DAA skulle Kjetil finne nokre idiotiske duppeditta til «podden» sin (les: iPOD touch) Og kva enda heile Valborg si fantasi-shopping-historie med? Jau, Kjetil presterte aa bruke opp baade tid og pengar… Eg stod igjen med 700 bath (tilsvarande 140 kr) som skulle gaa til taxi heim…og som eg skulle faa handle for!! For aa seie det slek, so vart forholdet her sett paa ei STERK prove… Kjetil baade rodde og ba…. det enda med at han «pruta» ned nokre billige kjipe halskjeder og armband ved utgangen av kjopesenteret.. Ja ja.. Eg fekk jaffal maange komplement av Kjetil den kvelden! 🙂

Idag var vi tidleg paa beina for aa rekke toget hit til Chumphon. Her kjem vi godt overens med thaiane. Dei snakkar meeget daarleg engelsk (les:so aa seie ingenting) Men vi har klart aa fikse oss baade mat og nett-kafe. No har vi booka hotellrom paa oya Koh Tao, som vi reiser til med baat imorgon tidleg. Her skal vi leve livet i ein flott bungalow i nokre dagar. (Sensi Paradise Beach Resort LINK) Vi skal tross alt kome oss gjennom 7-aarskrisa paa denne oya (17.oktober!!!) Heldigvis fins det ikkje kjopesenter paa oya…:P hehe…

Valborg=) kl. 18.49

D-dagen i Vietnam….

Denne dagen maatte berre kome ein gong…har igrunn berre venta paa det…men heldigvis har den ikkje gjort det foor, sidan vi har vore paa mykje turar og slek.. Kjetil sa idag tidleg at han var meget lei av aa kikke paa feillagde fliser paa badet etter kvart… han ha visst studert dei store delar av natta… eg hakje merka stort..sia eg ha sove godt;)  Vi skulle eigentleg paa sightseeing med ei sykkeldrosje rundt her i Ho Chi Minh idag. Vi bestillte med ein grei fyr paa gata igaar daa vi var aa gjekk tur. Men den maatte eg berre avlyse…Kjetil maatte faa studere meir baderommsfliser, anten han hadde lyst eller ikkje.. Eg har brukt formiddagen til aa planlegge turen vidare soorover i Thailand. Ha sete paa nettet og lest i reisebokene vaare. Saa eg ha no utnytta tida..Toorr nemleg ikkje gaa ut aaleine…Kjetil har leje i senga, og sproonge skytteltrafikk innpaa badet naar han har kjent trang etter aa studere fliser!! Vi fekk beholde rommet vaart til kl.13. Men vi skal paa flyplassen kl.14 uansett, saa vi ventar ein time i lobbyen. Skriv mellom anna reisebrev:) Flyet vaart til Bangkok gaar i ettermiddag. Forhaapentlivis er Kjetil ferdig med baderommsflisene daa…Viss ikkje har dei sikkert nokre spennande utpaa flyplassen her i Saigon ogsaa! Men i flyet er det muleg han blir skuffa…Eg har aldri sett flislagde toalett i fly foor jaffal…men det kan no bli ein ny opplevelse 😛

Valborg=)

P.s: No skulle vell det ikkje vere saa vanskeleg aa sjonne kva D’en staar for…..:-)

Vietnam!

Laurdag ankom vi Vietnam. Fyste natta tilbrakte vi i Chau Doc som ligg i Mekong Delta. Dette er eit stort omraade der det vert dyrka store mengder ris. Same kvelden som vi ankom var vi paa mopedtur med kvar vaar innleigde sjaafor med moped. Dei tok oss opp paa eit «fjell» som hadde ei nydeleg utsikt over Mekong Delta. Mopedturen var litt av ein opplevelse i seg sjolv. Den gjekk gjennom traffikerte gater, smale landsbyvegar og opp dei bratte bakkane til fjellet. Mopedane sleit nok som det var opp bakkane i heten. Men med Kjetil bakpaa vart det litt for mykje…mopeden han satt paa kovna oppover bakkane, so ein anna moped maatte kome og ta han med resten av vegen opp. Hysterisk mosjomt!! Vi saag paa solnedgangen fraa utsikta. Kjempeflott!Dagen etter (sondag) reiste vi vidare til Ho Chi Mihn City (Saigon). Ein laang busstur paa8 timar…. Men det gjekk bra! Idag har vi vore aa sett paa det underjordiske tunell-systemet som vietnamesarane brukte under krigen mot amerikanarane. Eit enormt nettverk som strekker seg maange kilometer under jorda.Vi fekk prove aa krype i dei. Traangt!! Maatte gaa paa huk, og vi kunne knapt snu oss i dei. Og dei tunellane var til og med utvida for oss turistar! Her fekk vi ogsaa prove aa skyte med ulike vaapen. Kjetil var heilt i 100… Eg provde AK47 og Kjetil provde ogsaa M60. Eg pingla ut fordi eg fekk saann piping i oyra. Dei horselsverna deira vakje mykje vern nei!! Etterpaa var vi paa markedet og provde ut prute-egenskapane vaare.. Det er nemlig slik handel gaar for seg. Pruting er forventa.. Konklusjon: Vi kan ikkje aa prute, og vart lurt trill rundt opptil fleire gonga…jaja…pytt, det er billig uansett..

No har resten av reisefolget vaart nettopp forlatt oss. Dei reiste vidare nordover i Vietnam. \Imorgon reiser vi tilbake til Bangkok med fly, saa gaar ruta vaar vidare sorover i Thailand. Til vakre oyer med flotte strender! Vi gledar oss!! Hels!

Valborg=)