Snart i Singapore!

No sit vi aa ventar paa bussen som skal ta oss fraa Mersing til Singapore. (Eit par timar internett var det einaste vi hadde raad til etter aa ha brukt opp mest mogeleg av dei malaysiske pengane vaare:)

Tioman var flott det, men vi var nok litt uheldige med veret. Med unntak av fyste dagen vi kom ut, daa det var sopass med sol at vi kunne sole oss, saa har det regna….eller..HOLJA nesten konstant.. Det lyna og tordna saa det rista i bungalowen vi budde i..  Vi var igrunn forbredt paa regn, for monsun-sesongen har nettopp starta her… MEN det hindra oss ikkje i aa kose oss altso! Vi maatte berre le daa vi gjekk ein tur paa stranda og sjekka ut omgivelsane ein morgon etter frukost, og plutseleg var det som heile himmelen datt i hovudet paa oss… Igrunn litt forfriskande!! Paa turen motte vi eit koseleg nederlandsk par som hadde leigd ein baat for dagen som skulle ta dei med paa snorkle+fisketur. Dei inviterte oss med, og sjolvsagt hengde vi oss paa! Det vart lite med fisking, men snorlinga og sjolve baat-turen var kjempearti! (Diiigre bolger!!) So turen til Tioman var definitivt ikkje bortkasta, men trur det var like greit at vi ikkje hadde fleire dager der…

No er det Singapore next!! (maa avrunde…har ikkje raad til meir internett:P

Valborg:)