Komt oss til Chumphon i Thailand!

D-dagen i Vietnam enda nesten litt dramatisk…jaffal fraa mitt synspunkt… naar vi kom til passkontrollen vart nemleg Kjetil stoppa…stempelet hans fraa grensa inn til Vietnam var saa daarleg at millitaermannen i skranken vart sur og tok Kjetil med inn til avhor…Eg stod fortvila paa andre sida av «grensa»…den skranken EG gjekk i ga pokker i korless stempelet saag ut… sikkert gla for aa bli kvitt meg:P  Kjetil derimot skukje sleppe unna so lett…. Men etter nokre nervepirrande laange minutt kom han utatt og fekk sleppe igjennom….han hadde heldigvis alle reisedokumenta vaare og kunne bevise kva vi holdt paa med i landet deira… Vidare gjekk det heldigvis glatt..Flyturen til Bangkok gjekk fint.Flyet datt ikkje ned og Kjetil slapp aa utforske toalett-fasilitetene! Vi hadde med andre ord kvar vaare bekymringar…. Vi ankom Bangkok ganske seint, men sidan vi hadde vore paa flyplassen foor, kom vi oss kjapt inn til byen. Dagen etter hadde vi fullt opplegg. Vi henta dressen og kaapa vi paa eit litt finurleg vis fekk oss sydd i Bangkok. Kleda satt jaffal som eit skudd. Deretter sette vi ruta mot The Grand Palace etter aa ha tatt baatskyss ned dit. Neste stopp var togstasjonen. Her klarte vi aa bruke opp alle pengane vi hadde med oss paa billettar til tog+overnatting i Chumphon+baat til Koh Tao, saa vi maatte ta taxi tilbake til hotellet for aa hente meir pengar… Planen vidare var nemleg MBK. Eit DIGERT kjopesenter i Bangkok.. DETTE hadde Valborg sett fram til HEILE dagen… Spesielt daa svolten, heten, beina og kjedsomheten holdt paa aa ta knekken paa ho daa Kjetil berre maatte sjaa og vandre liiiiitt meir i dessa dumme tempelbyggningane…(for aa sei det slek, so har eg blitt meget metta for tempelbygg paa denne reisa!) Naar vi endeleg ankom MBK, hadde faatt i oss mat og drikkke og eg var fullt klar for aa innta butikkane med storm, DAA skulle Kjetil finne nokre idiotiske duppeditta til «podden» sin (les: iPOD touch) Og kva enda heile Valborg si fantasi-shopping-historie med? Jau, Kjetil presterte aa bruke opp baade tid og pengar… Eg stod igjen med 700 bath (tilsvarande 140 kr) som skulle gaa til taxi heim…og som eg skulle faa handle for!! For aa seie det slek, so vart forholdet her sett paa ei STERK prove… Kjetil baade rodde og ba…. det enda med at han «pruta» ned nokre billige kjipe halskjeder og armband ved utgangen av kjopesenteret.. Ja ja.. Eg fekk jaffal maange komplement av Kjetil den kvelden! 🙂

Idag var vi tidleg paa beina for aa rekke toget hit til Chumphon. Her kjem vi godt overens med thaiane. Dei snakkar meeget daarleg engelsk (les:so aa seie ingenting) Men vi har klart aa fikse oss baade mat og nett-kafe. No har vi booka hotellrom paa oya Koh Tao, som vi reiser til med baat imorgon tidleg. Her skal vi leve livet i ein flott bungalow i nokre dagar. (Sensi Paradise Beach Resort LINK) Vi skal tross alt kome oss gjennom 7-aarskrisa paa denne oya (17.oktober!!!) Heldigvis fins det ikkje kjopesenter paa oya…:P hehe…

Valborg=) kl. 18.49